programmet framover!
Konsert med EMMETT BROWN. Eit relativt nytt band med base i Oslo. Sjølv
om alle medlemmane i bandet har utøvd musikk i mange år er det først no
at Emmett Brown endeleg kjem seg ut til folket. Med erfaring frå band
som Gorgoroth, Animal Alpha, The Disciplines, Emmerhoff And The
Melancholy Babies, Bookhouse har dei gjort sin del ”live” og vil no vise
korleis dei gjere sin vestlandske “nononsense rock”, inspirert av
storleikar som bl.a. Led Zeppelin, AC/DC and ZZ Top.
Bandet består av; Stian Kårstad – gitar, Aleksander Ralla Vilnes –
trommer, Per Harald Ottesen – bass og Lars Martin Lille Rovde – vokal.
Heimeside:
http://www.myspace.com/emmettsound
*
LØRDAG 30. MAI:
EMMETT BROWN + KLAGEMUR
Klagemur spelar rock med innslag av ny-veiv, pop-refreng og pønk-attitude. Bandet syng på morsmålet og dei likar riff som river og melodiar som sitter. Klagemur har hatt ulike former og uttrykk gjennom åra. Ola Skarstein Tennes frå Sandane (27) har skreve låtar heilt sidan han plukka opp tanta sin gamle konfirmasjonsgitar mot slutten av 80-talet. Deretter har Klagemur hatt ulike former og fargar fram mot dagens format. No skal musikken ut til folket! Erling Andreas Gundersen frå Flekkefjord (27) har traktert bassen i fleire bedehus på Sørlandet enn det fins gatehjørne i Oslo, imens Espen Andreas Carlsen frå Årvoll (30) både har turnert Blitz-ruta på kontinentet og kryssa Finnmarksvidda med bootsa på. Saman i ein kjeller på Risløkka lager Erling, Espen og Ola musikk som man ikkje kan gå forbi utan at pulsen stig. Rocke-trioen har i dagens form spelt saman i eitt år. Klagemur spelte inn sin første EP sommaren 2008 i Calmeyer Studio med Eirik Myhr som produsent. EP’n blei sleppt på Sabrura i april 2009
*
SØNDAG 30. MAI:
PINSE-JAM
Det er duka for den tradisjonelle ”JAM-session” på Treskeværket. Lokale-, tilreisande-, amatørar og profesjonelle musikarar samlast i kjellaren på hotellet og spelar saman. JAM-vert blir i år Aleksander “RALLA” Vilnes og Emmett Brown.
::
