utestaden i førde!

 

Treskeværket er utestaden i Førde, og ligg i kjellaren på Rica Sunnfjord Hotell. Vi kan tilby eit variert tilbod med alt frå pub underhaldning, party- og konsert band frå scena, til Dj'ar som sørger for topp  stemning og full rulle i diskoteket.

 

Gjengen på TRESKEVÆRKET ønsker deg velkommen!

 

 

::

 

AMERIKANSK AFTEN: Fredag 29. mai

Emmett Brown

Konsert med EMMETT BROWN. Eit relativt nytt band med base i Oslo. Sjølv om alle medlemmane i bandet har utøvd musikk i mange år er det først no at Emmett Brown endeleg kjem seg ut til folket. Med erfaring frå band som Gorgoroth, Animal Alpha, The Disciplines, Emmerhoff And The Melancholy Babies, Bookhouse har dei gjort sin del ”live” og vil no vise korleis dei gjere sin vestlandske “nononsense rock”, inspirert av storleikar som bl.a. Led Zeppelin, AC/DC and ZZ Top.

Bandet består av; Stian Kårstad – gitar, Aleksander Ralla Vilnes – trommer, Per Harald Ottesen – bass og Lars Martin Lille Rovde – vokal.

Heimeside: http://www.myspace.com/emmettsound
 

::